Avansert søk

Eitt treff

Bokmålsordboka

Nynorskordboka 13 oppslagsord

allianse

substantiv hankjønn

Uttale

-anˊse; -anˊgse

Opphav

frå fransk; av alliere

Tyding og bruk

avtale om gjensidig stønad
Døme
  • alliansen mellom Hitler og Mussolini;
  • ein allianse mellom bønder og fiskarar

Nato, NATO

forkorting

Opphav

frå engelsk, forkorting for North Atlantic Treaty Organization

Tyding og bruk

nordatlantisk forsvarssamband oppretta i 1949 som ein militær allianse mellom landa som er medlemmer
Døme
  • landet har vore medlem av Nato sidan starten

medlemsland

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

land som er medlem av ein allianse
Døme
  • medlemslanda i EU

alliere seg med

Tyding og bruk

gjere samband med, skipe ein allianse;
òg: skaffe seg hjelp frå nokon;
Sjå: alliere
Døme
  • alliere seg med andre firma, kommunar, grupper;
  • alliere seg med ein kjentmannfå hjelp

angrepskrig

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

krig som nasjon, allianse eller gruppering startar mot ein motpart;
til skilnad frå forsvarskrig
Døme
  • starte ein angrepskrig

alliere

alliera

verb

Opphav

gjennom fransk; frå latin alligare ‘binde, halde fast’ av ad ‘til’ og ligare ‘sameine’

Tyding og bruk

  1. perfektum partisipp som adjektiv som er i samband
    Døme
    • allierte land;
    • dei allierte sigra i begge verdskrigane

Faste uttrykk

  • alliere seg med
    refleksivt i uttrykk
    gjere samband med, skipe ein allianse;
    òg: skaffe seg hjelp frå nokon
    • alliere seg med andre firma, kommunar, grupper;
    • alliere seg med ein kjentmannfå hjelp

trippelallianse

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

militær og/eller politisk allianse mellom tre statar
Døme
  • trippelalliansen mellom Tyskland, Austerrike-Ungarn og Italia 1882–1914

særfred

substantiv hankjønn

Tyding og bruk

fredsavtale med éin einskild medlem i ein krigførande allianse;

fornuftsekteskap, fornuftekteskap

substantiv inkjekjønn

Tyding og bruk

  1. ekteskap som er kome i stand av praktiske grunnar og ikkje av kjærleik
    Døme
    • dei levde saman i eit fornuftsekteskap
  2. i overført tyding: samarbeid eller allianse som er kome i stand av praktiske grunnar og ikkje av genuin lyst eller interesse
    Døme
    • koalisjonsregjeringa er eit fornuftsekteskap;
    • alliansen mellom landa kan ein skildre som eit fornuftsekteskap

entente

substantiv hankjønn

Uttale

angtanˊgt; angtanˊgte

Opphav

av fransk entendre ‘høyre, forstå’; samanheng med intendere

Tyding og bruk

  1. lausare samband eller samarbeid mellom statar utan at det er allianse
  2. statar som er med i ein entente (1)